Studentersamfunnet på radio: Ivar Aawesome - podcast episode cover

Studentersamfunnet på radio: Ivar Aawesome

Feb 20, 2013
--:--
--:--
Download Metacast podcast app
Listen to this episode in Metacast mobile app
Don't just listen to podcasts. Learn from them with transcripts, summaries, and chapters for every episode. Skim, search, and bookmark insights. Learn more

Episode description

Still deg sjølv spørsmålet: har ein bokmålsbrukar nokosinne blitt omtalt som lakonisk og tørrvittig? Det er såleis ingen plass for bokmål i norsk offentlegheit. Det er 2013 år sidan Ivar Aasen blei fødd i ein stall i Betlehem, og dette skal markerast med Språkåret 2013. Aasen la ut for skape eit demokratisk, folkeleg alternativ til maktspråket i København. Det er framleis ei levande målform for ein stadig krympande prosentdel av folket, men eksisterer nynorsk hovudsakleg for klamme ungdomsskulestilar på Vestlandet og for debattinnlegga og kommentatorveldet på Twitter? Har nynorsken framleis nære band til sitt folkelege opphav eller har den blitt eit elitespråk? Mange vil kanskje seie at dagens nynorsk er ei særleg litterær målform; eit skriftspråk for dikt om vare tunkattar og almanakkar om fjøsstell. Er det på grunn av eit særskild vestlandsk sinnelag eller er det på grunn av fordomane til bokmålsbrukarane?
For the best experience, listen in Metacast app for iOS or Android