Krigsdebatt - Antisemittisme - podcast episode cover

Krigsdebatt - Antisemittisme

Jul 18, 201641 min
--:--
--:--
Download Metacast podcast app
Listen to this episode in Metacast mobile app
Don't just listen to podcasts. Learn from them with transcripts, summaries, and chapters for every episode. Skim, search, and bookmark insights. Learn more

Episode description

Ein debatt om antisemittisme. I panelet: Marte Michelet, Håkon Harket og Anne Sender. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. Marte Michelet er journalist og forfattar. I 2014 gav ho ut boka Den største forbrytelsen, om ofre og gjerningsmenn i det norske holocaust. For boka fekk Michelet Brageprisen 2014 for beste dokumentarbok.Håkon Harket er idéhistorikar, forfattar og forleggjar. Han har skrive om jødisk historie og sionismens opphav i boka Jødehat (2005). I 2014 kom boka Paragrafen : Eidsvoll 1814 som handlar om den såkalla «jødeparagrafen» som hindra jødar å komme til Noreg.Anne Sender er forfattar, pedagog og bistandsarbeidar. Frå 2005 til 2011 var ho forstandar for Det Mosaiske trossamfunn i Oslo. I 2013 fekk ho Brobyggerprisen, og i 2014 Fritt Ords Pris. Ho gav ut boka Vår jødiske reise på Cappelen Damm i 2013. Sender er no sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.Samtaleleiar: Sigrid Sollund er journalist og programleiar i Dagsnytt Atten på NRK.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

For the best experience, listen in Metacast app for iOS or Android