Spør om doping - podcast episode cover

Spør om doping

Jun 09, 202246 minSeason 4Ep. 7
--:--
--:--
Download Metacast podcast app
Listen to this episode in Metacast mobile app
Don't just listen to podcasts. Learn from them with transcripts, summaries, and chapters for every episode. Skim, search, and bookmark insights. Learn more

Episode description

Korleis skal du snakke med ungdom om doping? Kanskje er du bekymra for at ungdom du kjenner eller jobbar med, har endra treningsvaner, kosthold eller oppførsel? Bør du spørre direkte, ta det opp med andre eller prøve å få det fram ved å spørre om andre ting?


I denne episoden møter du spesialsjukepleiar i rus og psykisk helse, Nina Haugen. Nina jobbar i Nord-Fron kommune og hadde aldri spurd om doping før ho var på eit seminar med Antidoping Norge for sju år sidan. Nina trudde ikkje ho hadde kunnskapen som skulle til og var ikkje klar for svara ungdomane kom til å gje ho.


Etter dagen på seminar med ADNO forstod ho at det måtte ei endring til. Kva har Nina fått ut av å spørre om doping i ein bygdekommune som Nord-Fron dei siste åra? Sjølv er ho sikker på at dei spørsmåla har betydd mykje i møte med ungdom.


Denne episoden er perfekt for deg som jobbar med ungdom, anten det er gjennom førebygging i kommunen eller som lærar eller trenar. Du som foresatt vil også få mange gode råd og ikkje minst innsikt i ungdomsmiljøet gjennom å høyre på denne episoden av Antidoping-podden.


I episoden møter du også sosialrådgjevar ved ungdomsskulen på Vinstra, Morten Stubberud og Anette Gårderløkken, dagleg leiar ved bygdas einaste treningssenter. Programleiar er Gjermund Erikstein-Midtbø, kommunikasjonsrådgjevar i Antidoping Norge.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

For the best experience, listen in Metacast app for iOS or Android